Grovt ran - straffutmåling

09.03.2000, Straffesak snr. 73/1999, lnr. 13B/2000

Straffelova § 267, jf. § 268

Påtalemakta (Aktor: statsadvokat Tormod Haugnes) mot A (Forsvarar: advokat John Christian Elden)

Dommere: Utgård, Flock, Tjomsland, Aarbakke, Bugge

A var i lagmannsretten dømd til fengsel i 2 år og 3 månader for ran av ein nattopen bensinstasjon, i det han trua den kvinnelege ekspeditøren - som var åleine i ekspedisjonslokalet - med ei avsaga hagle. Ranet var planlagt, utan at det hadde noko profesjonelt preg.

A si anke for å få sett ned straffa førte fram, i det Høgsterett sette straffa ned til fengsel i 1 år og 10 månader under tilvising til praksis i tilsvarande saker. Domfellinga omfatta også eitt tilfelle av promillekøyring, eitt tilfelle av aktlaus køyring (bilen vart køyrd til vrak) og to tilfelle av køyring av motorvogn utan førarkort. Dommen har ein generell merknad om at det er naudsynt å reagere strengt mot ran av kioskar og bensinstasjonar, og at det kan vere grunn til å auke straffenivået i denne typen saker. Det vert uttala at saka ikkje var slik prosedert frå aktoratet, at ho gir tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere ei skjerping av straffenivået.