Motorferdselsloven - bruk av snøscooter
21.11.2000, 2000/376
Motorferdselsloven §12 jf. § 3
A (advokat Øystein Teigland) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jørn Holme)
Dommere: Bruzelius, Frisak, Flock, Coward, Smith
A er busett på garden Y som ligg ikkje langt frå Mogen ved Møsvatn. Staden er utan fast vegsamband, og A har rett til fri ferdsel i medhald av motorferdselsloven § 4 første ledd bokstav c. Saka dreidde seg om innhaldet av denne retten, som gjeld "nødvendig" transport "til og fra" den faste bustaden. A var i dei tidlegare instansane blitt funnen skuldig i brot på motorferdselslovens generelle forbod i § 3.
Rettens fleirtal fann at A måtte frifinnas da hans kjøring med snøscooter frå Raulandsgrend til Y var naudsynt transport etter § 4 første ledd bokstav c. Fleirtalet la til grunn at dei veglause møsstrondingane berre fekk tilfredsstilt sitt alminnelege kommunikasjonsbehov for person- og godstransport når føresegna blei tolka slik. Det blei også understreka at miljøomsyn ikkje var til hinder for ei slik forståing. Mindretalet meinte at føresegna måtte tolkas på bakgrunn av det generelle forbodet i loven i § 3, og at unntaket har ei snever rekkjevidd. På bakgrunn av fråsegner i førearbeida meinte mindretalet at § 4 første ledd bokstav c berre femna om fri kjøring til og frå endepunktet på næraste vinteropne veg. Mindretalets votum inneheld i tillegg ei fråsegn om forståinga av § 6 i dei nasjonale forskriftene for motorkjøretøy.