Promillekjøring på ferjedekk

18.05.2000, Straffesak snr. 9/2000, knr. 25B/2000

Vegtrafikkloven § 31 første til tredje ledd m.fl.

Påtalemakta (Aktor: Statsadvokat Bente B. Roshauw) mot A (Forsvarar: Advokat Arne Meltvedt)

Dommere: Bruzelius, Coward, Stang Lund, Frisak, Lund

A hadde om bord i ei norskregistrert ferje som låg i dansk hamn, med 1.66 promille kjørt eit vogntog frå omtrent midt på ferjedekket og fram til kjøreporten. Heradsretten dømde han for brot på vegtrafikkloven § 31 første til tredje ledd, jf. § 22 første ledd, jf. straffeloven § 12 første ledd, til fengsel i 20 dagar og ei bot på kr 20 000, subsidiært fengsel i 15 dagar.

Domfelte anka over lovbruken for straffutmålingsspørsmålet, og gjorde gjeldande at det ved straffutmålinga skulle leggjas vekt på dansk praksis, da kjøringa måtte reknas å ha funne stad på dansk territorium. Lagmannsretten la likevel til grunn at for forhold som går inn under straffeloven § 12 første ledd nr. 2, skal som hovudregel det vanlege norske straffenivået nyttas. Men det låg spesielle omstende føre i den konkrete saka som talte for å tilleggje dansk straffutmålingspraksis vekt, og lagmannsretten gjorde fengselsstraffa om til å vere på vilkår og sette bota ned til kr 10 000. A anka til Høgsterett over straffutmålinga og sa at den forståinga lagmannsretten hadde av straffeloven § 12 første ledd nr. 2, var urett. Høgsterett forkasta anken og uttalte at ei straffbar handling som vert dømd etter nr. 2, har ei nærare tilknyting til Noreg og norsk straffutmålingspraksis enn ei straffbar handling der straffeforfølgjing i Noreg føreset dobbel straffbarheit, jf. § 12 første ledd nr. 3 bokstav c. Om bord i norsk skip og luftfartøy gjeld norsk lovgjeving for så vel mannskap som passasjerar, kor fartøyet enn måtte vere. Dei konkrete, noko spesielle omstenda i saka, førte med seg at straffutmålinga til lagmannsretten blei oppretthalde.