Promillekøyring til sjøs.
26.06.2000, Straffesak snr. 5/2000, lnr. 32B/2000.
Lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter § 33 jf. § 37,
Påtalemakta (Aktor: Førstestatsadvokat Tor-Geir Myhrer) mot A (Forsvarar: Advokat Hans Stenberg-Nilsen).
Dommere: Coward, Flock, Oftedal Broch, Tjomsland, Aasland.
Saka galdt straffutmålinga ved promillekjøring til sjøs. Den domfelte hadde med ein promille opp mot 2,5 kjørt ein 14 fots plastbåt med 40 hestekrefters påhengsmotor.
Det var ikkje skjedd noka ulykke eller noko vesentleg uhell. Forhøyrsretten hadde sett straffa til fengsel på vilkår i 21 dagar med tillegg av ei bot. Påtalemaktas anke til lagmannsretten var forkasta. Høgsterett uttala at føring av båt med ein promille over 2 normalt representerer eit slikt farepotensial at det må reageras med fengsel utan vilkår. Det låg ikkje føre særlege omstende som gav grunnlag for å fråvike utgangspunktet, og straffa blei sett til fengsel utan vilkår i 14 dagar.