Sikringsfullmakta til lagmannsretten
18.01.2000, Straffesak snr. 65/1999, lnr. 5/2000
Straffeloven § 229, jf. § 230 m.fl.
Påtalemakta (Aktor: statsadvokat Rol Strøm) mot A (Forsvarar: advokat Frode Folkestad)
Dommarar: Bruzelius, Flock, Gjølstad, Tjomsland og Smith
A var i byretten dømd til fengsel i eitt år for to grove valdsbrotsverk, og det blei gitt lov til å nytte sikringsmiddel i fem år. Dommen i byretten var fellesstraff med resttida frå ein tidlegare dom på fengsel i eitt år for knivstikking, lekamsfornærming, trugsmål med kniv og alvorleg trugsmål der han truga med å ta livet av den krenkte. A var dessutan ved tre tidlegare høve dømd til fengsel utan vilkår.
Det blei gjort gjeldande at dei subjektive vilkåra for sikring ikkje var til stades. Lagmannsretten hadde, etter å ha høyrt tre sakkunnige, lagt til grunn at A hadde varig svekte sjelsevnar. For Høgsterett blei det ikke lagt fram noka ny psykiatrisk utgreiing, og Høgsterett fann ikkje grunnlag for å fråvike konklusjonen til lagmannsretten på dette punktet. Dei tidlegare instansane hadde vidare lagt til grunn at det låg føre kvalifisert fare for gjentaking av straffbar handling av same type som den domfellinga galdt. Høgsterett uttrykte tvil om vilkåret var oppfylt i dag, men fann ikkje grunn til å ta endeleg standpunkt til spørsmålet da sikring ikkje blei sett på som formålstenleg i dette tilfellet. Det blei vist til at det nå var gått lang tid sidan dei pådømde tilfella blei begått ,og sidan byrettens dom i saka, og til ein stabilitet i domfeltes arbeids- og personlege tilhøve. Sjølv om det låg føre einskilde nyare episodar, blei desse ikkje sett på som å vere av ein slik karakter at dei gav grunnlag for å fastslå at vilkåret var oppfylt.