Spørsmålet om det låg føre underslag

22.11.2000, 2000/685

Strl. § 255, § 256, §270

A (advokat Ole A. Bachke jr.) mot Den offentlege påtalemakta (advokat Paal Chr. Aartun)

Dommere: Frisak, Bruzelius, Stang Lund, Flock, Dolva

Gjennom det personlege firmaet ---guiden arrangerte A julebord o.l. for ulike firma ved å hente inn tilbod frå hotell o.l. og setje saman pakkeløysingar. A arrangerte julebord på ---Gjestegaard for firmaet X Norge AS. A blei av heradsretten dømd for grovt underslag ved å ha motteke betaling frå kundane utan å gjere opp overfor hotella.

I lagmannsretten blei A frifunnen for grovt underslag, men dømd for underslag av ein sum på kr 20 000 som X Norge AS hadde innbetalt som forskot. Lagmannsretten la til grunn at summen var innfordra for --- Gjestegaard. A anka over lovbruken. Høgsterett viste til at lagmannsretten hadde lagt til grunn at det låg føre to sjølvstendige avtalar, ein mellom --- Gjestegaaard og ---guiden, og ein mellom X Norge AS og ---guiden. Det låg ingen avtale føre mellom ---Gjestegaaard og X Norge AS. Høgsterett fann at det forholdet at --- Gjestegaard bad sin kontraktspart, ---guiden, om eit forskot på kr 20 000, og at ---guiden ved A på denne bakgrunnen vende seg til kontraktsparten sin X Norge AS og bad om forskot på ein tilsvarande sum ved å vise til til førespurnad frå ---Gjestegaard, ikkje innebar at summen var innfordra på vegner av ---Gjestegaard. ---Gjestegaard hadde etter det lagmannsretten fann prova, ikkje nokon avtale med X Norge AS og kunne såleis ikkje krevje dei for noen del av summen. Det kunne da ikkje sjås å liggje føre noka innfordring for ein annan, jf. straffeloven § 255. Høgsterett sa frifinnande dom da anken over lovbruken hadde ført fram, og forholdet ut frå heile skildringa i lagmannsrettens dom ikkje kunne reknas som straffbart.