Gransking av aksjeselskap frå mindretalsaksjeeigar

10.11.2000, Sak nr. 43/2000 Kjæremålssak 414/1999

Aksjeloven §5 - 25 flg

Signe Magnus Dalheim mot Montel AS

Dommere: Aarbakke,Utgård, Coward, Gussgard, Smith

Fram til 23. mars 1999 eigde Signe Magnus Dalheim 30 prosent av aksjane i Montel AS, medan Gustav Vabø eigde 70 prosent. Denne dagen registrerte Føretaksregisteret generalforsamlingsvedtak 8. mars 1999 om å setja aksjekapitalen ned frå 100 000 kroner til null, med sletting av alle dei gamle aksjane, og å setja aksjekapitalen opp frå null til 500 000 kroner fordelt på 50 000 nye aksjar lydande på 10 kroner, men med teikningskurs 11 kroner. Alle dei nye aksjane vart teikna av Vabø, då Dalheim avsto frå å nytte føreretten sin etter aksjelova til å teikne inntil 30 prosent. Dalheim har ikkje reist søksmål etter aksjelova § 5-22 for å få vedtaket om bortskrivning av aksjane hennar kjent ugyldig.

Til det same møtet i generalforsamlinga hadde Dalheim gjort framlegg om å krevje gransking av forvaltninga av selskapet frå 1996. Dalheim hadde mistanke om at Vabø hadde tappa selskapet for midlar. Framlegget fekk tilslutning frå Dalheim for hennar aksjar. Den 30. mars 1999 fremma Dalheim krav etter aksjelova § 5-25 andre leden til Oslo skifterett om gransking av forvaltninga av Montel AS i tida etter 1996. Skifteretten gjorde vedtak om å iverksetja gransking. Lagmannsretten avviste kravet frå Dalheim. Lagmannsretten la til grunn at Dalheim ikkje var aksjeeigar då kravet om gransking vart sett frem, og at det ikkje var grunnlag for å tolka aksjelova § 5-25 andre leden utvidande til å omfatta Dalheims tilfelle. Høgsterett oppheva lagmannsretten sin ordskurd. - Fleirtalet (tre domarar) la til grunn at ein person som har fått aksjane sine bortskrivne ved nedsetjing av aksjekapitalen, må kunne reise søksmål etter aksjelova § 5-22 for å få vedtaket kjent ugyldig. Når bortskriving av aksjekapitalen er eit sentralt tvistetema, må den som er blitt utsett for dette, også ha rett til å setje fram krav om gransking av nedsetjingsvedtaket. Denne tolkinga av aksjelova § 5-25 andre leden byggjer på behovet for å gi aksjeigarmindretal eit effektivt vern. Fleirtalet peika også på at det ved den etterfølgjande vurderinga av granskingskravet etter aksjelova § 5-26 første leden, kan leggjast vekt på interesser av ikkje-økonomisk karakter. - Mindretalet (to domarar) var samd med lagmannsretten. I tillegg til ordlyden i aksjelova § 5-25 andre leden peika mindretalet på at det er eit system i aksjelova at aksjeeigarrettar skal haldast saman. Mindretalet reserverte si tolking for tilfelle der det ikkje er reist søksmål med sikte på å få bortskrivninga av aksjane kjent ugyldig.