Pantelova.
27.06.2000, Skriftleg sak, kjæremålssak jnr. 406/1999, lnr. 33/2000.
Pantelova § 4-3 tredje ledd, jf. § 3-2.
Sparebanken NOR (Advokat Stig B. Andersen) mot 1. Bente Ottershagen og 2. Mimi Rønning (Advokat Trond Skyberg).
Dommere: Holmøy, Coward, Stang Lund, Flock, Utgård.
Panterett til heimelsdokument (burettsandel og burettsobligasjon) til burettslagsbustader får etter pantelova § 4-3 tredje ledd rettsvern etter reglane om handpant i pantelova § 3-2 andre og tredje ledd, når det dessutan er gitt melding til utleigaren. I pantelova § 3-2 tredje ledd er det uttrykkeleg sagt at føresegna i § 1-4 om fast eller høgaste sum på pantekravet som vilkår for rettsvern, ikkje gjeld. Spørsmålet i saka var om melding til utleigaren om kva som var summen for pantekravet, medførte at panthavar ikkje fekk rettsvern for krav ut over denne summen.
Lagmannsretten hadde her handsama saka på ny etter at Høgsteretts kjæremålsutval hadde oppheva lagmannsrettens orskurd, sjå Rt. 1999 side 834. Kjæremålsutvalet viste saka attende til lagmannsretten for ny førehaving, og lagmannsretten kom i sin nye orskurd utførleg inn på dei spørsmåla som Høgsterett no har avgjort i avdeling som skriftleg sak. Lagmannsretten viste til at det for heimelsdokument for burettslagsbustader er gjort unntak for det kravet om bruk av sum som elles følgjer av pantelova § 1-4. I si drøfting av verknadene av at summen på pantekravet er opplyst i notifikasjonen, viste retten på at det ikkje er nødvendig å nemne ein sum for panteretten for å få rettsvern, og at det då vil vere tilfeldig om utleigar vert gjort kjend med lånesummen i samband med notifiseringa. Eit slikt tilfeldig val burde etter lagmannsretten sitt syn ikkje vere avgjerande, i alle fall ikkje i høve til etterståande utleggspanthavarar og der pantekreditor har eldre samla krav og eldre panterett enn utlegget. Høgsterett uttala at saka ikkje omhandlar spørsmålet om lojalitet mellom panthavarar, jf. Rt. 1994 side 775. Høgsterett tok ikkje standpunkt til om det ville vere ein heldig regel at bruk av gitt sum i melding til utleigar ville avgrense rettsvernet til denne summen. På bakgrunn av dei generelle reglane som gjeld for pant i heimelsdokument til burettslagsbustader, fann retten at ei slik løysing ikkje kan leggjast til grunn som gjeldande rett. Høgsterett uttala at dette vil innebere ei så vesentleg avgrensing av rekkjevidda av § 4-3 tredje ledd jf. § 1-4 at det krev lovendring. Høgsterett kunne etter dette ikkje sjå at lagmannsretten hadde lagt til grunn urett lovtolking. Kjæremålet vart forkasta og kjæremålsmotpartane tilkjende sakskostnader.