Likningslova - verdien på goodwill

04.05.2001, sak nr. 2000/1214, sivil sak, anke

Likningslova § 8-1 nr. 1 tredje punktum

A AS (advokat Petter Hartz-Hanssen) mot Staten v/Nordland fylkesskattekontor (advokat John Steen Holm)

Dommarar: Utgård, Rieber-Mohn, Aarbakke, Flock, Smith

Saka gjaldt spørsmålet om eit likningsvedtak om verdien på goodwill i ei verksemd som eit aksjeselskap har teke over frå eineaksjeeigaren, var gyldig. A hadde frå mai 1991 drive privat praksis som kjeveortoped i X. Med verknad frå 1. januar 1994 overdrog han verksemda til eit nystarta aksjeselskap, A AS, som han sjølv hadde alle aksjane i. A- som var einaste kjeveortoped i verksemda - følgde med til det nye føretaket saman med to tannlegesekretærar.

Maskinar, inventar og innreiing vart overført til bokført verdi. I tillegg vart det sett ein verdi på goodwill på 2 000 000 kroner. Verdsetjinga av goodwillen bygde på eit notat datert 27. mars 1995 som var laga av eit revisjonsføretak. I notatet var rekna ut verdien ut frå årleg omsetning i snitt og gjort frådrag for ei eigarlønn på 400 000 kroner. Dette gav ein årleg "meiravkasting" på 7-800 000 kroner, som med 12 prosent årleg rente gav ein kapitalisert verdi på 6-7 millionar kroner. Revisjonsføretaket uttala at verdien av goodwillen då var minst 2 000 000 kroner. Staten v/ fylkesskattesjefen fekk medhald i at det var heimel for skjønn. Heimelen var her likningslova § 8-1 nr. 1 tredje punktum, i og med at det var tale om verdsetjing av ein post sett etter skjønn. Høgsterett viste til at det i denne saka ikkje var påvist å vere nokon marknad for omsetning av verksemder av denne typen. Ved eit slikt sal i eit interessefellesskap må skattytaren då påvise at det ligg føre ein goodwill-verdi, og at prisinga er basert på eit armlengdeprinsipp. Der ei omsetning ikkje har skjedd mellom uavhengige partar, vil ein stå overfor ein hypotetisk situasjon der det ikkje er noko alternativ til at skattytar gjer sannsynleg at det finst ein goodwill-verdi. Det er likevel ikkje tale om ei summering av konkrete postar, men det må gjerast sannsynleg at verksemda har ein marknadsverdi ved sal til uavhengige kjøparar. Sjølve sluttresultatet må også ha støtte i den dokumentasjonen skattytar legg fram. Høgsterett kom til at fylkesskattenemnda ut frå dette "hadde grunn" til å endre den oppgitte verdien av goodwillen. Det vart vist til at eigarlønna på 400 000 kroner var låg ut frå at verksemda alt i startperioden gav ei næringsinntekt på over 1 200 000 kroner. Høgsterett fann også at det var ikkje var grunnlag for å rekne at ein kjøpar ville betale for goodwill i fleire år, i ein situasjon der det var tilstrekkeleg tilgang på klientar også for ein nyetablert kjeveortoped. Skattytar hadde ikkje gjort det sannsynleg at ein nyetablert kjeveortoped ville ha betalt 2 000 000 kroner for goodwillen. Høgsterett fann at det ikkje hefta faktiske feil ved utøvinga av skjønnet, og at skjønnsresultatet heller ikkje var grovt urimeleg eller vilkårleg. I avgjerda drøftar Høgsterett tilhøvet til dommen i Paulsen-saka, Rt. 2000 side 772.