Sjukepleiars grove underslag av pasientmidler
26.10.2001, 2001/793, dtraffesak, anke
straffeloven § 182
A (advokat Ole A. Bachke jr.) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Tormod Bakke)
Dommarar: Oftedal Broch, Rieber-Mohn, Frisak, Skoghøy, Aarbakke
A blei av lagmannsretten dømd til fengsel uten vilkår i seks månader for grovt underslag. Ho hadde tileigna seg minst 180 000 kroner frå to bankkonti som ein pasient på ein aldersheim åtte, der A var tilsett som sjukepleiar. Høgsterett forkasta anken til domfelte over straffutmålinga.
Underslaga skjedde ved at pasienten, som var dårleg til beins, gav A fullmakt til å heve pengar for henne på kontiane. A misbrukte fullmakter til å ta ut pengar til seg sjølv. I skjerpande retning blei lagt vekt på den tilliten som følgde med stillinga som sjukepleiar, og kor avhengige dei pasientane som er fysisk eller mentalt svekte, er av personalet. Det blei vidare lagt vekt på at underslaget var brot på eit personleg nært forhold som hadde oppstått, og at underslaget pågjekk til kontiane etter fire år var tomme. Saka omfatta også brot på straffeloven § 182 - bruk av falsk dokument - ved at A med kjærastens namn hadde underskrive på ei melding om sal av bil.