Skattlegging av samverkeføretak
01.10.2001, 2001/42, sivil sak, anke
Skatteloven § 52-1
COOP NKL BA (advokat Sam E. Harris) mot Staten v/Oslo likningskontor (Kommuneadvokaten v/advokat Ingolf Skaflem)
Dommere: Lund, Tjomsland, Bruzelius, Rieber-Mohn, Smith
Tradisjonelt har samverkeføretak vore skatterettsleg favoriserte ved at inntekt frå omsetning med medlemmane ikkje er blitt skattlagt. I samband med skattereforma i 1992 foreslo Finansdepartementet særreglane oppheva, men slik at bonus som blei utbetalt medlemmane, kunne trekkjas frå den delen av inntekta som skreiv seg frå medlemsomsetninga. Dette innebar at samverkeføretaka ikkje lenger skulle kunne leggje opp fond av ikkje skattlagde middel.
Men Finanskomiteen endra framlegget ved å innføre ein regel om at det kunne gjeras frådrag til såkalla felleseigd ansvarskapital med inntil 15 % av inntekta. Saka galdt tolkinga av denne regelen - skatteloven § 52-1 - dels om inntekta måtte forstås som heile inntekta, ikkje berre den delen som skreiv seg frå medlemsomsetninga, dels om 15 %-frådraget skulle bereknas av inntekta etter reduksjon for bonus til medlemmane. Byretten svara ja på det første spørsmålet, men svara nei på det andre spørsmålet. Lagmannsretten kom til omvendt resultat. Høgsterett var einig med byretten. Ein dommar hadde ei særfråsegn der han gav uttrykk for monaleg tvil om resultatet.