Arbeidsmiljøloven - straffutmåling
23.01.2001, Sak nr. 2000/1255, straffesak, anke
Arbeidsmiljøloven § 85 første og andre ledd
Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Rune B. Hansen) mot A (advokat Ole A. Bachke jr.)
Dommarar: Coward, Frisak, Ofteal Broch, Gjølstad, Holmøy
Ved ei kranulykke på ein mekanisk verkstad omkom kranføraren, og ein annan person blei alvorleg skadd. Hovudårsaka til ulykka var at bremsene på bomutlegget på krana svikta på grunn av slitasje, noko som igjen blei ført attende til uforsvarlege rutinar på verkstaden.
A, som var dagleg leiar ved verkstaden og særleg maskinkunnig, blei funnen skyldig i tre brot på arbeidsmiljøloven med forskrifter: han hadde unnlate å syte for tilstrekkeleg vedlikehald av krana, han hadde kopla ut overlastbrytaren og momentbrytaren på krana, og han hadde gjort ei oppsertifisering av krana som ho ikkje var godkjend for. I heradsretten blei han dømd til fengsel utan vilkår i 45 dagar. Lagmannsretten gjorde fengselsstraffa på vilkår og kombinerte ho med ei bot på 50 000 kroner. Mens heradsretten meinte at arbeidsmiljøloven § 85 andre ledd - om særleg skjerpande omstende - berre råka forholdet med manglande vedlikehald, meinte lagmannsretten at andre ledd berre råka forholdet med brytarane. Høgsterett kom til at § 85 andre ledd skulle nyttast på begge desse forholda, og sette straffa til fengsel utan vilkår i 60 dagar. Det blei uttalt at det ikkje fantest tidlegare høgsterettsavgjerder etter arbeidsmiljøloven som galdt så alvorlege forhold som her.