Innførsel av hasj og amfetamin

15.05.2001, sak nr. 2001/309, straffesak, anke

Straffeloven § 162 og legemiddelloven

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Inger Marie Sunde)

Dommarar: Matningsdal, Lund, Coward, Stabel, Dolva

A var i lagmannsretten dømd til fengsel i 6 år for innførsel ved tretten ulike høve av totalt 75 kg hasj og 640 gram amfetamin til Noreg og Danmark. Av desse partia var 16 kg hasj innført til Danmark, mens resten blei innført til Noreg. Innførselen hadde, med eit lite unnatak, skjedd via trailertransporten mellom kontinentet og Stavanger/Sandnes-distriktet. A var hovudmannen og organisatoren i saka der det er domfelt ytterlegare ti personar.

Føreåt for denne dommen hadde A i Danmark blitt dømd til fengsel i 3 år og 6 månader for innførsel av 10 kg hasj og 994,7 gram amfetamin til Danmark. Denne innførselen var siste innførselshandling i det fortsette brotsverket som han var dømd for i Noreg. Da dommen på fengsel i 3 år og 6 månader var kunngjort i utlandet, gjeld ikkje straffeloven § 64 om etterskotsdom direkte i Noreg. Men prinsippet kan nyttas tilsvarande, og pga. den nære samanhengen mellom sakene måtte straffa utmålas slik at den ikkje blei strengare enn den ville ha blitt om samtlege handlingar hadde blitt pådømde her. Høgsterett kom etter dette til at den samla straffa hadde blitt noko for streng, og sette den ned til fengsel i 5 år, som heradsretten hadde utmålt.