Mangelfulle domsgrunnar - spørsmål om aktløyse ved bilkjøring på snøføre
21.08.2001, 2001/140, straffesak, anke
Straffeloven § 239
A (advokat Jon Anders Hasle) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Pål K. Lønseth)
Dommarar: Frisak, Utgård, Lund, Oftedal Broch og Gjølstad
A kjørte på ei rett strekning av E6 som har motorvegstandard A med to kjørefelt i begge retningar. Det hadde snødd og var særs vanskelege kjøreforhold. A kjørte over i venstre kjørefelt for å kjøre forbi bilen føre. Han fekk skrens på bilen som skar over høgre kjørefelt, trefte ein jordvoll og gjekk rundt. Eitt av dei tre barna i baksetet, som alle var usikra, blei kasta ut av bilen og døydde. Det blei teke ut tiltale mot A for brot på straffeloven § 239 første straffalternativ og vegtrafikkloven § 31 første ledd jf. § 3.
A blei i heradsretten domfelt etter tiltalen til ei straff av fengsel i 90 dagar. Etter anke blei han også domfelt i lagmannsretten til ei straff av fengsel i 60 dagar. Høgsterett kom til at lagmannsrettens skildring av dei faktiske forholda var uklare på sentrale punkt som kunne ha noko å seie for vurderinga av om A hadde vore aktlaus, og at det ikkje låg føre forsvarleg grunnlag for å overprøve lovbruken. Lagmannsrettens dom med hovudforhandling blei oppheva.