Narkotika - straffutmåling
26.01.2001, Sak nr. 2000/1333, straffesak, anke
Straffeloven § 162 første ledd, jf. femte ledd m.fl.
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Arild Dommersnes)
Dommarar: Oftedal Broch, Lund, Aarbakke, Frisak, Dolva
A var av lagmannsretten dømd til fengsel i eitt år og fem månader for narkotikabrotsverk. Straffa var fellesstraff med vilkårsdelen av ein tidlegare dom som for denne delen var på 60 dagar fengsel. I lagmannsretten galdt saka to byrettsdommar avsagt med 4 ½ månads mellomrom. Handlingane i den siste saka var gjort i tida etter første dom.
Samla dreidde det seg om mottaking og oppbevaring av ca. 95 gram amfetamin, 15gram hasj og nokre tablettar. Domfelte var mangeårig narkotikamisbrukar med seks tidlegare domfellingar, vesentleg forbunde med eigen bruk. Sjølv om sakas alvorlegaste forhold var mottaking og oppbevaring av ca. 80 gram amfetamin som skulle leverast til ein tredjeperson, fann Høgsterett at domfeltes narkotikakriminalitet hovudsakleg var prega av eigen misbruk. Dette måtte få vesentleg vekt for straffutmålinga, jf. seinast Rt. 2000 side 1446. Vinningsmotiv utover eige forbruk låg ikkje føre. Også tilbakefall til ny narkotikakriminalitet måtte vurderast i lys av at domfelte var avhengig av narkotika. Straffa blei fastsett til fengsel i ti månader, og av det galdt ein månad den delen av den tidlegare dommen som var på vilkår.