Narkotika- og vinningsbrotsverk - Vald mot polititenestemann

21.08.2001, 2001/421, straffesak, anke

Straffeloven §§ 127, 128 og 227

A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Inger Marie Sunde)

Dommarar: Lund, Oftedal Broch, Frisak, Utgård, Gjølstad

Ein nedkjørt heroinmisbrukar og sprøytenarkoman, tidlegare domfelt 25 gonger, blei i lagmannsretten dømd til fengsel i eitt år for diverse mindre narkotika- og vinningsbrotsverk samt for eit alvorleg tilfelle av vald mot ein polititenestemann i samband med pågripinga.

Han anka over straffutmålinga og hevda at situasjonen hans var endra ved at han nå var kommen med i eit såkalla metadonassistert rehabiliteringsprosjekt som ville bli øydelagt ved at metadonbehandlinga ikkje kunne fortsetjas i fengslet. Etter lagmannsrettens dom hadde han hatt eit sidemisbruk og hadde vedgått ei ny straffbar handling. Anken førte ikkje fram. Høgsterett uttala at sjølv om domstolane måtte strekkje seg langt for ikkje å vanskeleggjere rehabiliteringa av narkomane i domfeltes situasjon, var det her ikkje grunnlag for vilkårsdom da metadonbehandlinga ikkje vil bli avbrutt ved soning av straff av den lengda det her er tale om.