Påkjørsel med traktor - dødsulykke
23.01.2001, Sak nr. 2000/1259, straffesak, anke
Straffeloven § 239 - vegtrafikkloven § 31, jf. § 3.
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Stig-Ole Haug) mot A (advokat Ole A. Bachke jr.)
Dommarar: Gjølstad, Coward, Frisak, Oftedal Broch, Holmøy
Saka galdt ei trafikkulykke i X sentrum ein sommardag i 1999. Den sikta kjørte traktor med skuffe føre og hengar bak i ein snøggleik av 25-30 km/t. Han oppdaga ikkje ei kvinne som kryssa gata frå venstre sett i hans kjøreretning. Ho blei påkjørt av traktoren og døydde av skadane ho fekk.
Heradsretten dømde den sikta etter straffeloven § 239 første straffalternativ og vegtrafikkloven § 31 jf § 3 for ved aktløyse å ha valda kvinnas død. I lagmannsretten blei den sikta frifunnen under dissens frå fagdommarane. Påtalemakta påanka frifinninga til Høgsterett, og gjorde gjeldande at det låg føre feil ved saksbehandlinga - mangelfulle domsgrunnar - og lovbruken. Høgsterett forkasta anken. Det var etter omfattande provføring i lagmannsretten atskilleg uklårleik om fleire sider ved faktum, som blei vurdert forskjellig av rettens medlemmer. Høgsterett oppfatta fleirtalet slik at det - ut frå dei konkrete forholda og i lys av den uvissa som låg føre om faktum - la til grunn at det ikkje var mogleg for den sikta å oppdage den omkomne i tide til å kunne forhindre ulykka. Frifinninga kvilte da ikkje på urett bruk av norma om aktsemd, og domsgrunnane blei rekna som tilstrekkelege.