Promillekjøring
22.06.2001, sak nr. 2001/173, straffesak, anke
Vegtrafikkloven § 22 første ledd
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Anne Grøstad) mot A (advokat Arne Meltvedt)
Dommarar: Stang Lund, Dolva, Gussgard, Matningsdal, Aasland
Politimeisteren i Drammen sette i mars 2000 A under tiltale for kjøring i påverka tilstand. Grunnlaget var ei utandingsprøve med middelverdi på 0,299 milligram alkohol per liter luft. Byretten frifann A. Lagmannsretten forkasta anken til påtalemakta. Begge domstolar fortolka vegtrafikk-loven § 22 første ledd innskrenkande, slik at verdien 0,25 ikkje er ei absolutt grense for når påverknad må ansjås å liggje føre i lovens forstand. Ved så låge verdiar måtte det sjås på som usikkert om det låg føre ein konsentrasjon av alkohol i blodet på meir enn 0,5 promille.
Påtalemakta anka over lovbruken under skyldspørsmålet. Høgsterett tok anken til følgje. Vegtrafikkloven § 22 første ledd gir eintydig rettleiing på at større alkoholkonsentrasjonar i utandingslufta enn 0,25 milligram pr. liter luft fører til at føraren i alle til-felle reknas for å vere påverka heilt uavhengig av alkoholkonsentrasjonen i blodet, jf. Rt. 2000 side 1035. Justiskomiteens fråsegn som lagmannsretten viste til, gir ikkje grunnlag for å fortolke § 22 første ledd slik at verdien 0,25 ikkje skulle vere ei sjølvstendig grense for når påverknad reknas å liggje føre. Lovgjevar hadde i samband med lovendringa 22. september 2000 med nedsetjing av verdiane i § 22 første ledd til 0,2 promille eller 0,1 milligram, ikkje teke opp spørsmålet om å innføre ein regel om at resultatet av blodprøve skal leggjas til grunn når utandingsprøva viser eit resultat omkring kritiske grenseverdiar.