Eigedomsskatt på oppdrettsanlegg

14.11.2002, 2001/646, sivil sak, anke
Lov om eigedomsskatt til kommunane av 6. juni 1975 nr. 29 § 4 andre ledd
Gulen kommune (advokat Hans O. Bang) Hjelpeintervenient: Kommunenes Sentralforbund (advokat Hans O. Bang) mot Firda Sjøfarmer AS (advokat Stig Tufte-Johnsen) Hjelpeintervenient: FHL Havbruk (advokat S
Utgård, Coward, Gussgard, Mitsem og Lund

Hovudspørsmålet i saka var om det kan skrivast ut eigedomsskatt på oppdrettsanlegg i sjøen utanfor grensa for privat eigedomsrett. Høgsterett delte seg i tre fraksjonar. Det var tale om fire frittflytande anlegg, på djupt vatn og festa til sjøbotnen med anker, lodd og fjellboltar.

Førstvoterande la til grunn at kommunane kan skrive ut eigedomsskatt - i alle fall - ut til grunnlinjene. Han la då til grunn at kommunane reint allment omfattar slike sjøområde, og at eigedomsskattelova også gjeld for desse areala i kommunane. To dommarar slutta seg til dette. Dei to siste dommarane meinte at det var svært uklårt om eigedomsskattelova omfatta sjøområda, og det måtte vere ei politisk oppgåve å ta stilling til dette. Førstvoterande meinte for sin del at det var tvilsamt om eigedomsskattelova gjeld for slike anlegg i sjøområda, både fordi dette ligg på sida av det som til vanleg blir sett på som fast eigedom og fordi det var tvilsamt i høve til krava om stadbundne, faste anlegg i høve til "verk og bruk". I ein slik uklår situasjon fann førstvoterande at det ikkje var heimel for eigedomsskatt. To av dommarane meinte at oppdrettsanlegga går inn under "verk og bruk". Etter dette var det samla sett fleirtal for at det ikkje kunne skrivast ut eigedomsskatt på dei frittflytande anlegga. Saka gjaldt også eit anlegg som dels låg på land, og der det var rettskraftig avgjort at det var heimel for eigedomsskatt. Anlegget låg på festetomt, og det var spørsmål om det då kunne skrivast ut eigedomsskatt på grunnverdien, og om denne i tilfelle skulle svarast av grunneigaren eller av festaren. Høgsterett kom der samrøystes til at det også kunne skrivast ut eigedomsskatt på slik grunn. Firda Sjøfarmer AS kunne likevel - som festar - berre ha plikt til å betale eigedomsskatt for anlegget. Ansvaret for eigedomsskatten på sjølve grunnen måtte då liggje på grunneigaren.