Skifte av felleseige - skeivdeling

10.12.2002, 2002/1008, sivil sak, anke
Skeivdelingsreglane i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap § 59 første ledd
A (advokat Geir Hovland) mot B (advokat Aksel Kayser)
Tjomsland, Gjølstad, Gussgard, Stabel og Schei

Saka galdt spørsmålet om kva det faktum at ein ektefelle før ekteskapet blei inngått hadde skaffa seg gjeld ved overtaking av aktiva, hadde å seie for utrekninga av den summen vedkommande kan halde utanfor likedelinga etter skeivdelingsregelen i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap § 59 første ledd. Det hadde i rettspraksis og i den juridiske teorien vore gjort gjeldande to løysingar på dette spørsmålet.

Den eine var - slik skifteretten og lagmannsretten var komne til - at skeivdelingskravet omfattar verdien til eigedommen på skeringstidspunktet etter ekteskapslova § 60 med frådrag for gjelda slik ho var da ekteskapet blei inngått. Den andre var - slik mindretalet i saka i Rt. 2001 side 1434 kom til (for fleirtalet oppstod ikkje spørsmålet) - at skeivdelingskravet gjeld den andelen av verdien til eigedommen som tilsvarar den andelen av verdien til eigedommen som ikkje var lånefinansiert da ekteskapet blei inngått. Høgsterett var einig i det synet mindretalet i Rt. 2001 side 1434 var komme til, og slutta seg til den grunngjevinga som der blei gitt. Høgsterett fann det klart at dette standpunktet var utslag av ein generell regel, og at det ikkje var haldepunkt for at løysinga skulle vere avhengig av dei konkrete forholda i saka. Høgsterett kom vidare til at det i dette tilfellet ikkje var grunnlag for ei utvida skeivdeling etter ekteskapslova § 59 tredje ledd.