Spørsmål om plikt til å betale rente av erstatningsbeløp for tida før påkrav
18.01.2002, 2001/969, sivil sak, anke
Forseinkingsrenteloven § 3 tredje ledd
A (advokat Rune Valaker mot B (advokat Knut Søraas)

Oftedal Broch, Lund, Aarbakke, Mæland og Smith
A hadde engasjert advokat for å krevje innløyst ein festekontrakt. Lagmannsretten fann at advokaten hadde tedd seg uforsvarleg og slik at det kunne gi grunnlag for erstatning for gjennomføring av oppdraget, og at han difor var ansvarleg for As tap. Tapet bestod i at A hadde fått for låg løysingssum, at han var påført advokatutgifter i ei rettssak, som oppstod om innløysing av eigedommen, og at han dertil var pålagt å erstatte motpartens sakskostnader.
A kravde også tap av renter for perioden frå dei ulike krava oppstod og til forseinkingsrenta byrja som følgje av at påkrav blei framsett overfor advokaten. Høgsterett fann at dette spørsmålet ikkje vert regulert av forseinkingsrenteloven § 3 tredje ledd. Det var vidare ikkje grunn til å oppretthalde den tradisjonelle læra at renter krev særleg heimel. Om A kunne krevje erstatning for tapte rentemoglegheiter, måtte avgjeras frå den konkrete situasjonen og på bakgrunn av vanlege erstatningsreglar. I dette tilfellet gjekk advokatoppdraget ut på å avvikle festeforholdet på gunstigast mogleg måte. Da var ikkje berre dei tapspostane lagmannsretten gav dom for, men også det rentetapet som følgde med, å ansjå som påreknelege erstatningspostar. Etter omstenda blei tapet berekna ut frå den innskotsrenta A kunne pårekne ut frå storleiken på totalsummen.