Ulempeerstatning ved oreigning - forståing av granneloven.

12.09.2002, 2001/1250, sivil sak, anke
Granneloven § 2 fjerde ledd og spørsmål om særulempe
Staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Therese Steen) mot Verkstedklubben Aker Stord mfl. (advokat Magne Revheim)
Tjomsland, Oftedal Broch, Mitsem, Støle og Dolva

Saka galdt anke over overskjønn i samband med oreigning til utbygging av nytt riksvegssamband - det såkalla Trekantsambandet. Spørsmåla i saka er om avgjerdene om ulempeerstatning i ekspropriasjonserstatningsloven § 8, jf. grannelovens § 2 er riktig brukt.

Ein grunneigar fekk i overskjønnet tilkjent kr 150 000 i erstatning for særulemper. Desse bestod dels av den delen av ulempene av tiltaket (nærføringsulempene) som skyldtes at det på det arealet som var avstått, var etablert eit knutepunkt for veganlegget med tilhøyrande bom-stasjon, og dels arronderingsulemper på den delen av eigedommen som var att. Høgsterett meinte at lagmannsretten med urette hadde sett på nærføringsulempene frå knutepunktet i veganlegget som ei særulempe. Det blei vist til at det var praksis - som blant anna bygde på likskapsvurderingar - for å sjå på nærføringsulemper i form av støy som allmenne ulemper etter ekspropriasjonserstatningsloven § 8. Det var ikkje grunnlag for her å fråvike dette prinsippet, og overskjønnet blei difor på dette punktet oppheva. Høgsterett føydde til - med utgangspunkt i argumentasjonen til staten - at det ikkje var uttrykk for nokon urett rettsbruk at lagmannsretten hadde tilkjent erstatning for arronderingsulemper for eigedommen brukt som fritidseigedom sjølv om den avståtte delen av eigedommen var erstatta etter bruksverdi som jord-/skogbruk. Men lagmannsrettens konkrete grunngjeving for å tilkjenne slik erstatning - der "ytterligere utbyggingsmuligheter" blei trekte inn - var uklar. Tre av grunneigarane blei tilkjent ulempeerstatning med grunnlag i ekspropriasjonserstatningsloven § 8, jf. nabolovens § 2 fjerde ledd. Høgsterett viste til at dette var ein unntaksregel som tok sikte på å vere ein "sikringsventil" i tilfelle der det var tale om ulemper som etter nabolovens § 2 elles måtte reknas som påreknelege eller sedvanlege. Lagmannsretten hadde - etter Høgsteretts mening - feilaktig unnlate å knyte drøftinga av nabolovens § 2 fjerde ledd til spørsmålet om det låg føre ei "monaleg" forverring av bruksforholda. Høgsterett gjorde merknader om den "tolegrensa" som gjeld etter naboloven § 2 fjerde ledd. Høgsterett meinte at lagmanns-retten i dette tilfellet måtte ha lagt til grunn ei for låg tolegrense. Det blei uttala at støyulempa - som lagmannsretten har lagt særleg vekt på - neppe var spesielt stor for dei grunneigarane som var råka. Og det blei i samband med dette vist til at dei støyoverslaga som var gjort, viste at støybelastninga var lågare enn grenseverdiane i Miljøverndepartementets retningslinjer. Dei estetiske ulempene som bruanlegget innebar, kunne - etter synet til Høgsterett - ikkje tilleggjas særleg stor vekt med omsyn til at anlegget låg frå 350 til 550 meter frå busetnaden på eigedommane. Høgsterett fann at retten ikkje hadde grunnlag for å ta stilling til om staten skulle frifinnas for kravet om erstatning for nærføringsulemper frå dei tre grunneigarane, og overskjønnet blei difor på dette punktet oppheva. - Dommen inneheld også merknader om forståinga av uttrykket "berre eller i særleg grad" råkar ein "avgrensa krins av personar" i grannelovens § 2 fjerde ledd.