Flytting frå område med promilleprogram - omgjering av dom

13.09.2002, 2002-306, straffesak, anke
Straffeloven § 53, nr. 6
A (advokat Per Flatabø) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Egil Volledal)
Mitsem, Skoghøy, Oftedal Broch, Matningsdal og Dolva

Saka galdt spørsmålet om ein vilkårsdom der vilkåret var gjennomføring av promilleprogram, skulle omgjeras fordi den dømde møtte påverka til første samtale om iverksetjing av tilsyn og/eller fordi han var flytta frå Østfold til X som ikkje er omfatta av prøveordninga.

A var i byretten dømd til 120 dagars fengsel, samt ei bot, for promillekjøring. Det dreidde seg om den sjette dommen hans, og påverknadsgraden var høg. Etter anke frå A til lagmannsretten, blei fengselsstraffa gitt på vilkår, der vilkåret var at han i prøvetida gjennomførte promilleprogram. A var påverka av alkohol da han møtte til første samtale med Kriminalomsorg i frihet for iverksetjing av programmet. Påverknadsgraden blei målt til 0,6 promille. Det blei fremma sak om omgjering, og forhøyrsretten fastsette at fengselsstraffa skulle sonas. Etter anke frå A kom lagmannsretten til at kravet om soning ikkje skulle takas til følgje. Anken til påtalemakta blei teken til følgje, idet Høgsterett fann at heile straffa på vilkår skal sonas. Høgsterett fann det ikkje tvilsamt at det var eit alvorleg brot på vilkåra i vilkårsdommen å møte med ein promille på 0,6, etter eit alkoholkonsum tidlegare same dag. Under tilvising til den strenge omgjeringspraksisen som følgjer blant anna av Rt. 2000 side 1441, måtte vilkårsbrotet også leie til omgjering etter straffeloven § 54 nr. 2. Det dreidde seg om As første møte med friomsorga, ikkje om eit vilkårsbrot etter at delar av programmet var gjennomført, og det var heller ikkje - som i avgjerda frå 2000 - grunnlag for berre ei delvis fullføring. Den tida som var gått etter promillekjøringa, som fann stad i desember 1999, blei heller ikkje tillagt avgjerande vekt.