Føretakssstraff etter endring av eigartilhøva til ein butikk

20.12.2002, 2002/968, straffesak, anke

Straffelova § 48a

Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Morten Eriksen) mot A (advokat Cathrine Lødrup)

Dommere: Utgård, Rieber-Mohn, Tjomsland, Matningsdal, Lund

I juli 1998 skjedde det ei arbeidsulykke i butikken B AS. Eigaren av dette selskapet selde i mai 1999 alle aksjane til A. I september 1999 vart det så gjort ein avtale der Hakon som då altså var eineaksjonær i B, overtok all innmaten - eignedelane og gjelda - i B. Etter dette vart B avvikla og verdiane tilførte eineaksjeeigaren A. Byretten og lagmannsretten hadde kome til at det ikkje var tilstrekkeleg nær samanheng mellom B og A til at eventuelle strafflagde handlingar kunne seiast å vere gjort "på vegner av" dette siste selskapet, jf. straffelova § 48 a.

Ut frå førearbeida, og med støtte i dom i Rt. 1995 side 1922 kom Høgsterett til at kan leggjast til grunn at straffansvar til vanleg kan gjerast gjeldande overfor eit overtakande føretak iallfall i ein fusjon der verksemda - aktiviteten - i det overtekne føretaket blir ført vidare. Det vart vist til odelstingsproposisjonen som låg til grunn for den nye straffelova § 48a, der det var lagt vekt på om "virksomheten er fortsatt under en ny selskapskonstruksjon". I tillegg vart det vist til konkurransesaker i Den europeiske unionen der Kommisjonen synest å leggje vekt på om det er ein funksjonell og økonomisk kontinuitet mellom føretaka. Høgsterett kom til at eit eventuelt ansvar etter reglane om føretaksstraff i straffelova, kan rettast mot A. Avgjerande i saka var at A tok over alle verdiane i B, først alle eigedelar og all gjeld, og deretter - i form av oppløysing - eigenkapitalen. Grunnen til at ein slik framgangsmåte vart vald i staden for innfusjonering av dotterselskapet, var ikkje opplyst. Høgsterett såg ikkje grunn til å skilje ut frå val av framgangsmåte ved overføring av aktivitet og verdiar. Hadde det skjedd ein fusjon i eit tilfelle der aktiviteten også hadde vorte ført vidare i det overtakande selskapet, hadde det ikkje vore tvilsamt at det var tale om eit selskap som det måtte seiast at eventuelle strafflagde handlingar var gjorde på vegner av. Realiteten i høve til kontinuiteten var den same ved den metoden som er valt både med omsyn til vidareføringa av verksemda - aktiviteten - og med tanke på den økonomiske kontinuiteten mellom selskapa. Det var tilstrekkeleg klar heimel i lova for å nytte straff overfor A som overtakande selskap. Dei tidlegare avgjerdene i saka vart etter dette opppheva.