Innføring av 3,4 kg kokablad
27.06.2002, 2001/600, straffesak, anke
Straffelova § 162
A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Egil Volledal)

Coward, Zimmer, Bruzelius, Gussgard og Schei
Den dømde - ein 25 år gammal, tidlegare ustraffa mann - lid av depresjon og hadde fåfengt prøvd forskjellige former for behandling. Etter å ha fått informasjon om at bruk av kokablad kunne verke positivt overfor depresjon, reiste han hausten 1999 til Peru, drakk koka-te og togg kokablad der, og opplevde, i alle fall kortsiktig, at han blei kvitt depresjonen. I september 1999 tok han med seg heim i kofferten ca. 3,4 kg kokablad, pakka i gjennomsiktig plast og ikkje freista skjult. Da han blei stoppa i tollen, fortalde han sjølv at det var kokablad.
Høgsterett har ikkje tidlegare handsama straffutmålinga for brot som gjeld kokablad, og det var oppnemnd sakkunnig for å vurdere skadepotensialet og ruseffekten i kokablad. Den sakkunnige samanlikna kverrsetjinga med rein kokain, ut frå tre moglege bruksmåtar. Som utgangspunkt for framstilling av rein kokain rekna han kverrsetjinga til å tilsvare oppimot 13 gram rein kokain - ca. 130 rusdosar, ved framstilling av koka-te omtrent 170 rusdosar. For tygging er verdsetjingane vanskelege. Den sakkunnige gav vidare uttrykk for at risikoen for skadeverknader er større ved sniffing av kokain enn ved drikking av koka-te eller tygging av kokablad. Lagmannsretten, som la til grunn at den dømde ville bruke kokablada sjølv, til tygging eller til å lage te av, stadfesta heradsrettens dom på fengsel i 90 dagar, av dei 55 dagar på vilkår. Høgsterett kom til at heile straffa kunne gjeras på vilkår, og viste særleg til at det hadde teke særs lang tid - 16 månader - frå ordskurden i lagmannsretten til saka blei handsama i Høgsterett.