Innførsel av amfetamin
06.02.2002, 2001/756, straffesak, anke
Straffeloven § 162 tredje ledd
A (advokat John Cristian Elden) B (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kristian Nicolaisen) og Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kristian Nicolaisen) mot A (advo

Gussgard, Mæland, Aarbakke, Dolva og Smith
I ei narkotikasak som galdt innførsel av 98,3 kilo amfetamin med ein styrkegrad på ca. 53 % (i tørka tilstand berekna til 60,84 kilo, styrkegrad 87 %), blei A og B i lagmannsretten dømde etter straffeloven § 162 første og tredje ledd andre straffalternativ, jf. femte ledd, til fengsel i respektive 14 og 16 år. Saka galdt internasjonalt organisert narkotikaomsetning.
For Høgsterett var hovudspørsmålet om det andre straffalternativet i straffeloven § 162 tredje ledd skulle nyttas. Om forståinga av denne føresenga viste Høgsterett til Rt. 1998 side 2001 der det blei lagt til grunn at utgangspunktet måtte vere at det andre straffalternativet ikkje kunne nyttas berre fordi mengda var større enn det som brakte forholdet inn under tredje ledd. Sjølv om mengda narkotika i den saka som låg føre, var ekstraordinært stor, medførte ikkje dette aleine at forholda fall inn under det andre straffalternativet. A hadde teke del i planlegginga av korleis stoffet skulle innføras til Noreg, men var kommen inn i saka på eit noko seinare tidspunkt enn B. Slik bevissituasjonen var, fann Høgsterett at det for As vedkommande ikkje kunne leggjas til grunn at det låg føre slike særs skjerpande omstende som ville føre forholdet inn under § 162 tredje ledd andre straffalternativ. Straffa blei redusert til fengsel i 12 år. Lagmannsretten hadde lagt til grunn at B saman med ein annan hadde styrt planlegginga i den norske enden av den organisasjonen som styrte innførselen, og at han hadde hatt direkte samband med eit nettverk til hovudorganisasjonen i Belgia/Nederland. For hans vedkommande blei lagmannsrettens dom halde ved lag. Det låg ikkje føre spreiing av stoffet, og påtalemaktas påstand om skjerping av straffa blei forkasta.