Kjæresteforhold - seksuelt overgrep mot barn under 14 år
11.06.2002, 2002/63, straffesak, anke
Straffelova § 195. Skadebotlova § 3-5, jf. § 3-3
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Yngve Johs. Andersen)

Utgård, Lund, Stang Lund, Bruzelius og Aasland
A var domfelt for å ha hatt minst 10 samleie med B, som var 13 år og 9 månader då det seksuelle forholdet tok til. Sjølv mangla A få dagar på å vere fylt 20 år første gongen dei to hadde samleie. Fleirtalet i Høgsterett på fire av dei fem dommarane kom til at av fengselsstraffa på eit år, burde straffa utan vilkår vere på 30 dagar. Det vart vist til dei to hadde vore kjærastar i lang tid og at aldersskilnaden ikkje var svært stor i tillegg. Utgangspunktet i desse sakene der krenkte var under 14 år på gjerningstida, må vere at det ikkje kan givast dom heilt ut på vilkår. Det er ein føremon med klare reglar, sjølv om det i einskildtilfella kan seiast ikkje å vere skilnad på om den krenkte er litt over eller litt under 14 år. Eit slikt utgangspunkt kan ikkje stillast opp der krenkte er over 14 år på gjerningstida.
At domfelte og krenkte er nær opp til å vere jamlike i alder og utvikling, jf. § 195 fjerde ledd, vil vere eit moment i straffutmålinga, som også kan gi grunnlag for at dommen heilt ut blir gitt på vilkår. Det vart uttala at det ikkje er noko i den allmenne utviklinga som peikar i retning strengare praksis enn før, i desse sakene. Det vart lagt vekt på at det var eit relativt langvarig kjærasteforhold, at dette forholdet var kjent og akseptert i omgivnadene og at det ikkje var grunnlag for å karakterisere det som utnytting frå domfelte. I motsetning til lagmannsretten - som hadde tilkjent 15 000 kroner i oppreising - kom Høgsterett samrøystes til at det ikkje var grunn til å gi oppreising, jf. at skadebotlova § 3-5 er ein kan-regel. Eit sentralt siktemål med straffelova § 195 er å verne den mindreårige, og det kunne då ikkje vere avgjerande at samleia skjedde friviljug frå krenkte. Det sentrale måtte vere at det var tale om eit langvarig kjærasteforhold, og at det ikkje låg føre noka utnytting frå A si side. Ut frå dette måtte det vere tilstrekkeleg at det gjennom straffereaksjonen vart reagert mot at A hadde handla urett i høve til B. Mindretalet - ein dommar - meint at heile straffa burde givast på vilkår. Det vart vist til at det var tale om eit kjærleiksforhold som varte over tid, som var kjent og akseptert av omgivnadene og som allereie hadde vore fast etablert i lengre tid då det utvikla seg til eit seksuelt forhold. I tillegg vart det lagt vekt på at straffskjerpingane i seinare tid for seksuelle overgrep mot barn ikkje har adresse til slike forhold som her. Heller ikkje er det noko i den samfunnsmessige utviklinga som peikar i den retninga. Tvert om er det godteke større skilnader enn før i alder og utvikling, jf. fjerde ledd i §§ 195 og 196. Mindretalet var også ueinig i at skiljet ved alder 14 år bør vere så avgjerande som det førstvoterande meinte.