Medverknad til menneskesmugling - kravet til vinnings mål

02.05.2002, 2001/1368, straffesak, anke
Utlendingsloven § 47 tredje jf. fjerde ledd (nå fjerde jf. femte ledd)
A (advokat Odd Rune Torstrup) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Tor-Geir Myhrer)
Zimmer, Coward, Schei, Gjølstad og Smith

A var i lagmannsretten dømd for medverknad til menneskesmugling etter utlendingsloven § 47 tredje jf. fjerde ledd (nå fjerde jf. femte ledd). Han hadde reist til Djubouti med pass og returbillett. Desse dokumenta blei der overgitt til ein annan person, og A følgde denne på reisa frå Dubai til Norge, der dei blei stoppa i passkontrollen på Gardermoen. Lagmannsretten hadde lagt til grunn at dette var As einaste tur, men at den inngjekk som ledd i eit opplegg organisert av andre.

Utlendingsloven § 47 tredje ledd stiller krav om vinnings mål. Fjerde ledd seier at "Medvirkning straffes på samme måte". Lagmannsretten hadde lagt til grunn at A kjende til at dei som organiserte verksemda, gjorde det med vinning for auge, men at loven ikkje krev at medverkaren har eige mål om vinning. Høgsterett kom til same resultat. Spørsmålet om ei medverknadsføresegn stiller krav om vinnings mål hos medverkaren, må kvile på tolkinga av den enkelte føresegna. I dette tilfellet var ordlyden open, og førearbeida gav heller inga rettleiing. Høgsterett la avgjerande vekt på omsynet til effektiviteten i straffeføresegna. Hovudmennene er ofte i utlandet, og det er ofte vanskeleg å prove vinnings mål hos medverkarar. Dei kan også ha blitt med av andre grunnar enn av omsyn til vinning. Det blei dessutan vist til at Straffelovkommisjonen rår til å ta kravet om vinnings mål ut av straffebodet om menneskesmugling. A hevda også fånyttes at han ikkje kunne straffas når han berre hadde stått for eit enkelt oppdrag. Det blei vist til Høgsteretts dom av 8. januar 2002.