Narkotika, heling, anonym person anka straffutmålinga.
10.09.2002, 2001/1462, straffesak, anke
Straffutmåling. Straffeloven §§ 317, 168 og 162 samt våpenloven § 33
N.N. (advokat Morten Kjensli) mot Den offentlege påtalemakta

Matningsdal, Skoghøy, Stang Lund, Mitsem og Lund
NN (person med ukjend identitet) var i lagmannsretten dømd til fengsel i 5 år for oppbevaring av 99,5 gram heroin med styrkegrad ca. 60 %, heling av ein revolver samt brot på våpenloven § 33 jf. § 8. Ved pågripinga sat han med eit pass som seinare viste seg å høre til ein ungarsk statsborgar.
I dette passet hadde han erstatta det originale fotoet med eit foto av seg sjølv. Under etterforskinga heldt han fast ved den identiteten som gjekk fram av det aktuelle passet. Dette førte til at det ble skrive ut tiltale for dei forholda som er nemnde ovanfor, i namnet til den ungarske statsborgaren. Men vidare undersøkingar avslørte at passet ikkje hørte til N.N. Det blei dermed skrive ut tilleggstiltalevedtak etter straffeloven § 168 første straffalternativ - eit forhold N.N. også blei dømd for. Fleirtalet i Høgsterett kom til at anken til N.N. måtte forkastas. Mindretalet - to dommarar - voterte for at straffa skulle setjas til fengsel i 4 år og 6 månader.