Samleie med ei 14 år gammal jente
05.06.2002, 2001/1530, straffesak, anke
Straffelova § 196 første ledd
A (advokat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Kim Ellertsen)

Stang Lund, Lund, Gussgard, Utgård og Aasland
A blei i heradsretten dømd til 5 månaders fengsel, av dei 60 dagar på vilkår, for å hatt to samleie med ei jente som nettopp var fylt 14 år. Han blei også dømd til å betale ho oppreising med 20 000 kroner. A var 19 år og 2 månader da den seksuelle omgangen fann stad. Lagmannsretten opprettheldt straffa, men auka oppreisinga til 35 000 kroner. I motsetning til heradsretten fann lagmannsretten at forholdet hadde noko preg av utnytting.
Etter dømdes anke fastsette Høgsterett straffa til fengsel utan vilkår i 60 dagar. Oppreisinga blei redusert til 10 000 kroner. Seksuell omgang er ikkje naudsynleg eit alvorleg seksuelt overgrep når den krenkte er i aldersgruppa 14-16 år. Aldersskilnaden var klart for stor til at §196 fjerde ledd skulle nyttas, men nærleik i alder og utvikling kan likevel vere eit moment ved utmålinga av straffa, jf. Rt.1999 side 1892. Høgsterett fann at forholdet hadde noko preg av utnytting. Den dømde var sterkt å laste for at han utsette den krenkte for risikoen for å bli gravid ved ikkje å bruke prevensjon. Det blei også lagt ei viss vekt på nærleik i alder, og at den krenkte frivillig valde å opphalde seg i husværet etter samleia. Høgsterett viste til Rt. 2001 side 1677 for så vidt galdt fråsegner om straffenivået for alvorlege seksuelle overgrep mot barn i førearbeida til lov 11. august 2000 om blant anna endring av straffeloven kapittel 19 om seksualbrotsverk.