Samleie med sovande kvinner
23.10.2002, 2002/569, straffesak, anke
straffelova § 192 første ledd bokstav b jf. andre ledd bokstav a
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Ole Bjarne Hagen)

Utgård, Gjølstad, Matningsdal, Coward og Dolva
Saka gjaldt straffutmåling for samleie med to kvinner som ikkje var i stand til å motsetje seg dette fordi dei sov og var fulle. Saka gjeld handlingar som i tid ligg etter lovendringa av 11. august 2000. Alle dommarane var samde om ei straff av fengsel i to år og seks månader, og eit fleirtal på 3 dommarar gav eitt år av straffa på vilkår. Både førstvoterande og andrevotereande går inn på førearbeida til lovendringa.
Førstvoterande viste til at samleie med nokon som er i hjelpelaus tilstand, er omfatta av straffeskjerpinga etter andre ledd. At det gjeld ei minstelengde for ei fengselsstraff, er likevel ikkje til hinder for at domstolane kan gi noko av fengselsstraffa på vilkår. Sjølv om det her var tale om grove overgrep, fann fleirtalet at det var grunnlag for å gi deler av fengselsstraffa på vilkår. Andrevoterande la til grunn at ei føresegn om minstestraff - her to år - som hovudregel inneber fengsel utan vilkår, og at straffa ville ha eit anna innhald dersom det regelmessig skulle bli nytt deldom. Ut frå dette meinte andrevoterande at det ikkje ville vere rom for deldom i ei sak som dette. Domfelte hadde også anka over utmålinga av oppreising - skadebot for ikkje-økonomisk tap. Lagmannsretten hadde sett summen til 50 000 kroner. Det vart uttala at avgjerda først og fremst måtte byggje på det objektive alvoret av krenkinga og på skulda hos gjernings-personen. Oppreisingssummen måtte kunne fastsetjast utan at det var nødvendig å gå inn på dei konkrete verknadene i det einskilde tilfellet, i det omsynet til verknader kan byggjast inn i nivået. Det må vere ein følgje av ei strengare vurdering av det straffverdige i handlingane, at også nivået for oppreising må aukast. Alle dommarene var etter dette samde om å forkaste anken frå domfelte i dette spørsmålet.