Straffutmåling - valdtekt og seksuelt misbruk

25.04.2002, 2002/10, straffesak, anke
Straffeloven §§ 192 og 193 mv.
A (advokat Odd Rune Torstrup) mot Den offentlege påtalemakta
Coward, Schei, Gjølstad, Zimmer og Smith

Dei alvorlegaste brotseverka galdt valdtekt av fire kvinner og annan seksuell misbruk av den eine av dei og av ei femte kvinne. I tillegg var den domfelte funnen skyldig i eit alvorleg tilfelle av trugsmål og ei rekkje mindre alvorlege brotsverk. Han var kort før dei første valdtektene i denne saka sleppt fri på prøve i Danmark frå ein dom på fengsel i to år for blant anna eit alvorleg seksualbrotsverk.

Lagmannsretten hadde - som byretten - sett straffa til fengsel i seks år og seks månader. Anken frå domfelte til Høgsterett blei forkasta. Høgsterett fann det klart at valdtektene hadde ein karakter som gjorde at dei blir omfatta av den straffskjerpinga som har funne stad i dei seinare åra, jf. fråsegner i Rt.1994 side 1552, Rt. 1999 side 363 og Rt. 1999 side 919.