Utuktig omgang med barn - vilkår for sikring

12.04.2002, 2001/1344, straffesak, anke
straffeloven §39 nr. 1 bokstavene a-f
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Arild Dommersnes)
Lund, Stabel, Matningsdal, Gjølstad og Smith

Den dømde var funnen skyldig i, ved minst fem høve sommaren 1996, å ha forgripe seg på stedottera si som den gongen var åtte år gammal. Straffa blei i lagmannsretten fastsett til fengsel i 2 år, og påtalemakta blei gitt fullmakt til å nytte sikringsmiddel som nemnde i straffeloven § 39 nr. 1 bokstavane a-f slik føresegna da lydde, for eit tidsrom av fem år. Lagmannsrettens dom var sagt under dissens, idet dei tre juridiske dommarane fann at vilkåra for sikring ikkje var til stades.

Den dømde påanka lagmannsrettens dom til Høgsterett for så vidt galdt avgjerda om bruk av sikring. Under saksførebuingane hadde påtalemakta opplyst at den ikkje lenger fann fullnøyande grunnlag for å oppretthalde kravet om sikringsfullmakt, og under prosedyren la aktor ned påstand i samsvar med dette. Høgsterett fann at denne påstanden måtte takas til følgje. Det blei halde fram at den dømde ikkje tidlegare hadde forgripe seg på mindreårige, og at han sidan hadde avhalde seg frå nye overgrep.