Utuktig omgang med born
08.05.2002, 2002/43, straffesak, anke
Straffeprosesslova §§ 284 første ledd og 292 andre ledd
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Gert Johan Kjelby)

Utgård, Coward, Matningsdal, Zimmer og Schei
Saka gjaldt utuktig omgang med stedotter og utuktig handling mot ei venninne av dottera. Påtalemakta ønskte å føre den tidlegare ektefellen til tiltalte og deira felles dotter som vitne om seksuelle overgrep frå tiltalte mot denne felles dottera då ho var i alderen 5 til 8 år. Slike mogelege overgrep var forelda og var ikkje omfatta av tiltalen. Høgsterett la til grunn at bevisføring om mogelege strafflagde handlingar av same art som tiltalen gjeld, klart kunne ha noko å seie for - vere relevant for - vurderinga av skuldspørsmålet. Det vart vist til at slik bevisføring også har vore godteken i andre saker som har vore framme for Høgsterett.
Spørsmålet var vidare om tiltalte måtte forlate rettssalen under vitneforklaringa frå biologisk dotter. Høgsterett uttala at sjølv om ho ikkje var krenkt i saka, skulle biologisk dotter vitne om overgrep mot henne sjølv, og at vitneprovet ville gi mykje av den same påkjenninga som om tiltalen hadde gjeldt desse. Lagmannsretten hadde bygd på at det ville gi "unødvendig konfrontasjon og belastning å måtte avgi forklaring med sin far til stede". Høgsterett viste til at den tiltalte hadde høve til å gi tilleggsforklaring og at forsvararen kunne eksaminere vitnet i retten. Ut frå dette la Høgsterett til grunn at avveginga var forsvarleg. Rettsformannen hadde i sak med lagrett kome med rosande kommentar til to videoopptak av dei krenkte, først ved avspelinga av opptaka og deretter - neste dag - også ved avhøyr av politikvinna som hadde avhøyrt barna. Forsvararen kom ved det siste høvet med kritikk mot utsegnene, og rettsformannen presiserte då at ho ikkje hadde meint å uttale seg om innhaldet av avhøyra, men berre om måten dei var gjennomførte på. Høgsterett uttala at rettsformannen i ei slik sak må vere varsam med å gi uttrykk for sitt eige syn på bevisspørsmåla før rettsutgreiinga. Det kan likevel ikkje vere noko til hinder for at rettsformannen også gir uttrykk for synspunkt undervegs i saka, men det må då visast varsemd slik at det ikkje blir gitt for sterke føringar, og slik at lagretten i tilstrekkeleg grad er klar over kompetansedelinga. Sjølv om det var uheldig at rettsformannen uttala seg på ein slik måte og på eit slikt tidspunkt, var det ikkje her nokon saksbehandlingsfeil. Anken over saksbehandlinga vart etter dette forkasta.