"Orkdals-drapet" - dommen oppheva.
28.06.2002, 2002/28, straffesak, anke
straffeprosesslova §§ 38, 294 og 375
Den offentlege påtalemakta (assisterande riksadvokat Hans-Petter Jahre) mot A (advokat Berit Reiss-Andersen)

Utgård, Bruzelius, Gussgard, Coward og Gjølstad
A vart i Orkdal heradsrett domfelt for eitt brot på straffelova § 233 og eitt brot på straffelova § 233, jf. § 49. Han anka til Frostating lagmannsrett. Under saka hadde det særleg vore framme om A var rett gjerningsperson. Subsidiært hadde forsvararen prosedert på at forsettet berre gjaldt skading (straffelova § 229), og at A var medvitslaus på gjerningstidspunktet (straffelova § 44). Det vart stilt eitt spørsmål om A var skuldig for kvart av brota, og lagretten svara nei på begge.
Påtalemakta anka og gjorde gjeldande at det skulle vore stilt tilleggsspørsmål, jf. straffeprosesslova § 375. Høgsterett tok utgangspunkt i straffeprosesslova § 38 om at retten må vurdere om eit tilhøve går inn under eit mildare straffebod enn etter tiltalen. Det er ikkje tvil om at det er ei slik plikt i saker for tingretten og i saker der lagmannsretten er sett som meddomsrett. Det kan ikkje vere andre reglar sjølv om lagmannsretten behandlar ei sak med lagrett. Med dette som utgangspunkt vurderte Høgsterett om det her låg føre ein saksbehandlingsfeil. I visse tilfelle må retten - dei juridiske dommarane i lagmannsretten - stille nye spørsmål til lagretten, jf. straffeprosesslova § 375. Om det skal gjerast må vurderast ut frå den konkrete situasjonen i saka, og det må vere ei avgjerd som samla sett står fram som forsvarleg. Det vil vere ein del av den konkrete situasjonen kva som særleg var omstridd under hovudforhandlinga. Partane har rett til å uttale seg etter § 375, og det må vere relevant kva det då blir gitt uttrykk for. Høgsterett kom ut frå den konkrete situasjonen til at dommen måtte opphevast. Opphevinga måtte, i samsvar med hovudregelen om det i straffeprosesslova § 347 første ledd, også gjelde hovudforhandlinga. Etter dette vart dommen med hovudforhandling oppheva. Høgsterett uttala seg også om oppdeling av forklaringane frå dei psykiatrisk sakkunnige.