Bevisføring om overprøving av likningsvedtak
03.05.2002, 2001/890, sivil sak, kjæremål. Plenumssak.
Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 6 nr. 1, tvistemålslova § 404 første ledd nr. 3 og reglane om bevisføring i skattesaker.
A (advokat Olav E. Klingenberg) mot Staten v/Finansdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Frode Elgesem)
Rt-2002-509
Utgård, Lund, Stang Lund, Oftedal Broch, Rieber-Mohn, Dolva, Schei, Tjomsland, Flock, Bruzelius, Skoghøy, Stabel, Aasland
Hovudspørsmålet var om fastsetjing av ordinær - 30 prosent - tilleggsskatt etter likningslova § 10-2, jf. § 10-4 nr. 1 første punktum inneber at det er sett fram ei straffe-skulding - i den engelske teksten "criminal charge" - mot skattytaren etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 6 nr. 1. Fleirtalet - 9 av dei 13 dommarane - kom til at bruk av ordinær tilleggskatt fell inn under verkeområdet for artikkel 6 nr. 1.
I saka var det også spørs-mål om forståinga av reint internrettslege reglar om bevisføring i skattesaker. Høgsterett fann at innhaldet av desse reglane kan prøvast av Høgsterett i eit vidare kjæremål, jf. tvistemålslova § 404 første ledd nr. 3. Det vart vidare lagt til grunn at det er avgjerande kva oppfordring ein skattytar har hatt til å gi opplysningar under likningsbehandlinga. Forståinga av den såkalla Agipdommen i Rt. 2001 side 1265 vart drøfta. I desse spørsmåla var avgjerda samrøystes. Kjæremålet førte etter dette fram.