Avtalevilkår ved sal av eigarseksjon

04.03.2003, 2002/652, sivil sak, anke
Eigarseksjonslova § 19.
Valentino Biuso (advokat André Standberg) mot Sagbukta Brygge AS (advokat Sven Olav Larsen)
Rieber-Mohn, Dolva, Gussgard og Schei

Saka gjaldt spørsmålet om eit avtalevilkår ved sal av ein eigarseksjon i ei bustadsameige om at vidaresal berre kan skje til vaksne utan medbuande barn, er lovleg. Valentino Biuso kjøpte i 1999 ein eigarseksjon i ei bustadsameige frå utbyggingsselskapet Sagbukta Brygge AS. I salsprospektet som låg til grunn for kjøpet, var det sagt at "eierseksjonene skal være forbeholdt voksne mennesker uten beboende barn, og at videresalg av eierseksjonene ikke skal skje til andre enn ovennevnte". Dette var i samsvar med det som var fastsett i vedtektene for sameiga.

Høgsterett la - i samsvar med synsmåtetn til Sagbukta Brygge AS - til grunn at det her var tale om eit avtalevilkår som gjaldt den rettslege råderetten over seksjonen. Dette avtalevilkåret måtte forståast slik at det gjaldt for det første tildelinga av seksjonar i samband med oppføringa, og dernest slik at ein kjøpar berre kan selje vidare til den same gruppa av kjøparar. Det regulerte derimot ikkje bruken av seksjonen. Eigarseksjonslova § 22 omhandlar den rettslege råderetten. I andre ledd første punktum er det fastsett at det med tilslutning frå sameigarane det gjeld, kan takast inn i vedtektene føresegner som avgrensar den rettslege råderetten over ein seksjon. I lovførearbeida er det sagt at det kan fastsetjast avgrensingar i kven som kan kjøpe ein seksjon, t.d. ut frå alder. I dette tilfellet var føresegna i nær slekt med dømet i proposisjonen om alder, sjølv om det i proposisjonen er nytta ein alder i år og ikkje ei avgrensing til "vaksne", eit omgrep som må avgrensast ved skjønn. At det ikkje skal vere medbuande barn ligg i forlenginga av kravet om at seksjonane skulle vere for vaksne menneske, og må vere eit akseptabelt tillegg. Sagbukta Brygge AS hadde for sin del vidareført ei lovleg føresegn i sameiga sine vedtekter, og avtalevilkåret måtte då stå seg.