Oppreising til den krenkte i valdtektssak

05.11.2003, 2002/1674, sivil sak, anke
Skadeserstatningslova § 3-5 første ledd bokstav b
A (advokat Morten Aalberg mot B (advokat Arve Røli)
Gussgard, Coward, Støle, Skoghøy, Schei

Saka galdt utmåling av oppreising til den krenkte i ei valdtektssak, og blei behandla saman med sak nr. 2002/981, der rettleiande norm for slik oppreising blei sett til kr 100 000.

B var av lagmannsretten dømd til fengsel i tre år for valdtekt og til å betale ein mindre sum i erstatning til den krenkte, samt kr 60 000 i oppreising. Den krenkte leverte særskilt anke etter reglane i tvistemålsloven, jf. straffeprosessloven § 435, og kravde oppreising med ein høgare sum, avgrensa oppetter til kr 100 000. Den dømde og den krenkte hadde tidlegare vore kjærastar, og valdtekta skjedde etter ein fest dei begge hadde vore på. Da ho motsette seg samleie med han, tok han kvelartak på ho og kom med drapstrugsmål. Etter dei opplysningane som låg føre, var skadane markert mindre enn i den andre saka. Men det vil i slike saker vere uvisst om skadeverknader vil oppstå i framtida. Etter synet til Høgsteretts låg det ikkje særlege grunnar føre som tilsa avvik frå den rettleiande norma, og den krenkte blei tilkjent kr 100 000 i oppreising.