Saka galdt spørsmålet om eit testamentsvitne var inhabilt

12.02.2003, 2002/485, sivil sak, anke
arveloven § 61 annet ledd
A (advokat Helge Wesenberg) mot B (advokat Janet Riise)
Matningsdal, Gussgard, Flock, Mitsem og Gjølstad

Saka galdt spørsmålet om eit testamentsvitne var inhabilt etter arveloven § 61 andre ledd fordi vitnet var tilsett i eit aksjeselskap der testamentsarvingen åtte 93,75 % av aksjane, og dessutan var dagleg leiar og styremedlem.

Særleg på bakgrunn av lovhistoria, omsynet bak habilitetsreglane og at testator skal kunne vite på testasjonstidspunktet korleis han skal innrette seg, kom Høgsterett, i motsetning til lagmannsretten, til at vitnet måtte reknas for å vere "i teneste hos" selskapet og ikkje hos arvingen. Testamentet blei etter dette ikkje kjent ugyldig.