Borgarlege rettskrav

02.06.2003, 2003/271, straffesak, anke
Straffeprosesslova § 3
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Reehorst)
Utgård, Oftedal Broch, Zimmer, Coward og Tjomsland

Saka gjaldt spørsmålet om lagmannsretten med urette hadde gitt dom for eit borgarleg rettskrav i ei straffesak, jf. straffeprosesslova § 3. I lagmannsretten gjaldt spørsmålet om A var skuldig i underslag, jf. straffelova § 255, ved at han hadde tileigna seg 30 000 kroner som B hadde tiltrudd han og i staden brukt pengane til eigne føremål. Lagmannsretten frifann A, men dømde han samstundes til å betale 30 000 kroner til B etter reglane om såkalla borgarlege rettskrav i straffeprosesslova § 3.

Høgsterett la til grunn at reglane om borgarlege rettskrav er noko vidare i gjeldande straffeprosesslov § 3 enn i lova frå 1887. Avgjerande må vere om ansvaret "springer ut av" - reiser seg av - ei strafflagd handling slik dette må forståast etter gjeldande lov. Det er samtidig slik at det borgarlege kravet må reise seg av den handlinga som dannar gjenstanden for tiltalevedtaket. Fleirtalet i Høgsterett kom til at lagmannsretten i alle fall ikkje hadde teke noko tydeleg standpunkt til om det objektive gjerningsinnhaldet var rekna for oppfylt. Frifinninga bygde direkte på manglande vinningsføremål, og det var då heller ikkje klarlagt kva grad av klander som kunne rettast mot A. Det viktigaste for fleirtalet var likevel at lagmannsretten direkte hadde bygd på heving etter kontraktsreglar når A var dømt til å betale 30 000 kroner. Ei slik heving vil vere uavhengig av om det ligg føre noko strafflagt tilhøve. Ut frå det meinte fleirtalet at kravet om tilbakeføring av 30 000 kroner ikkje kunne seiast å reise seg av ei strafflagd handling, og at det borgarlege kravet då ikkje kunne behandlast i straffesaka. Dei tidlegare dommane vart derfor oppheva på dette punktet. Mindretalet la avgjerande vekt på at både tiltalevedtaket og hevingsfråsegna knytte seg til avtalen mellom A og B. Hevingsfråsegna var basert på at avtalen var mishalden. Også vurderinga av om forholdet var strafflagt var avhengig av dette mishaldet, som rett nok måtte vere meir bastant for å kunne gi grunnlag for straff for underslag. Ikkje-oppfylling av avtalen er dermed det sentrale momentet i avgjerda både i straffesaka og ved avgjerda av det borgarlege rettskravet. Sterke reelle omsyn talar dessutan for denne tolkinga.