Forståinga av viltloven § 19 om human jakt og tap av rettar ved inhuman/ulovleg jakt i fredingstida

23.01.2003, 2002/964, straffesak, anke
Viltloven § 19
A (advokat Olav Felland) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Rune B. Hansen)
Stang Lund, Mitsem, Flock, Gussgard og Dolva

Ved dom i Tinn og Heddal tingrett 31. januar 2002 blei A blant anna kjend skyldig i brot på viltloven § 56, jf. § 19 og § 9 ved at han hadde jakta på gaupe i fredingstida, og at han ikkje hadde ført eit forsvarlig og føreskrive tilsyn med ei ulovleg utplassert gaupefelle frå utløpet av jakttida 1. april fram til 5. juni 2001. Tingretten sette straffa til ei bot på 20 000 kroner og frådømde A retten til å drive jakt og fangst i eitt år. A anka dommen i sin heilskap til Agder lagmannsrett, som viste anken til handsaming når det galdt lovbruken for brot på viltloven § 56 jf. § 19, og straffutmålinga. I ordskurden 28. mai 2002 forkasta lagmannsretten anken.

Vidare anke til Høgsterett over lovbruken og straffutmålinga førte heller ikkje fram. Høgsterett fann at § 19 råka også den som driv jakt og fangst på ein slik måte at det oppstod fare for uturvande liding for viltet. Ei utsegn om at § 19 ikkje råka einkvar fare, og at faren i dette tilfelle var så liten at den dømde måtte frifinnas, førte heller ikkje fram. Spørsmålet om det konkret låg føre ein fare, galdt bevisdømminga under skyldspørsmålet, som ikkje kan prøvas av Høgsterett. Omsynet til respekten for viltlovgjevinga tilsa at det ved alvorlege brot også vert reagert med tap av rettar og inndraging sjølv for aktlaust brot, jf. Rt. 1995 side 867. Jakt og fangst etter at jakttida var over, vil normalt føre til tidsavgrensa tap av retten til jakt og fangst, jf. Rt. 1990 side 1080. Verknaden av tapet av rettar blei rekna frå avseiinga av dommen i Høgsterett 23. januar 2003.