Grovt brot på tolloven - kjøring utan førarkort
15.09.2003, 2003/686, straffesak, anke
Tolloven § 61 jf. §§ 66 og 60 tredje ledd. Vegtrafikkloven § 31 første ledd jf. § 24 første ledd
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Marit Bakkevig)

Støle, Utgård, Coward, Stang Lund og Dolva
A var i tingretten og lagmannsretten dømd til straff av fengsel i eitt år og fem månader, av dei seks månader på vilkår, for eitt tilfelle av grovt brot på tolloven og kjøring utan gyldig førarkort. Straffa var i lagmannsretten fastsett som ei fellesstraff med ein dom på fengsel på vilkår i 60 dagar for fleire tilfelle av kjøring utan gyldig førarkort.
A var funnen skyldig i å ha medverka til innførsel av 1 008 000 sigarettar utanom kontrollen til tollvesenet. Samla avgiftssum som var unndratt, var rekna ut til kroner 2 227 680, og brotet var vurdert som særs grovt, jf. tolloven § 66 andre ledd. Høgsterett fastsette straffa til fengsel utan vilkår i eitt år, noko som var i samsvar med mindretalet i lagmannsretten og med påstanden til aktor for Høgsterett. Det er av allmenn-preventive grunnar nødvendig å reagere strengt overfor grove brot på tollov-gjevinga, og i tillegg kom at den dømde gjentatte gonger hadde neglisjert forbodet mot å kjøre utan gyldig førarkort. Straffeloven § 62 skulle nyttast.