Narkotikabrotsverk

11.09.2003, 2003/387, straffesak, anke
Straffeloven § 162 første ledd jf. femte ledd mv. - straffutmåling, særleg om det var grunnlag for samffunnsstraff
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Gert Johan Kjelby)
Coward, STang Lund, Støle, Utgård og Dolva

Saka galdt straffutmålinga for ei rekkje lovbrot, der det klart dominerande var med-verknad til vinning og oppbevaring av ca. 14 gram heroin. Lagmannsretten hadde funne den dømde skyldig i simpelt brot på straffeloven § 162 og sett straffa til fengsel i eitt år og to månader.

Den dømde anka til Høgsterett og gjorde særleg gjeldande at det burde nyttas samfunnsstraff - ut frå rehabiliteringssynspunkt og for at ein kunne halde fram med subutexbehandlinga hans. Anken førte ikkje fram. For Høgsterett låg føre det opplysningar om ei ny sikting som galdt ei rekkje straffbare tilhøve utført i 2002, til dels i perioden mellom dommane i tingretten og lagmannsretten. Subutexbehandlinga ville ikkje vere heilt avskoren i det fengselet det var aktuelt å setje han inn i.