Sakshandsamingsfeil - lagrettemedlemmar
11.03.2003, 2002/1609, straffesak, anke
Straffeprosesslova § 356 tredje ledd jf. § 343 andre ledd nr. 3
A (advoklat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jan H. Dale)

Zimmer, Matningsdal, Tjomsland, Oftedal Broch og Dolva
Til ei straffesak i lagmannsretten var det kalla inn 14 lagrettemedlemmar og to varamedlemmar. Alle møtte, og partane nytta ikkje utskytingsretten sin. Ved loddtrekning etter straffeprosessloven § 356 tredje ledd blei varamedlemmane tekne med, og utfallet blei at begge deltok i lagretten.
Høgsterett kom til at dette var sakshandsamingsfeil. Det blei bl.a. lagt vekt på at loven skil mellom dei som er kalla inn som høvesvis lagrettemedlemmar og som varamedlemmar, og at dei aller fleste lagmannsrettane praktiserte reglane slik at varamedlemmane ikkje skulle vere med. Denne løysinga hadde også best støtte i teorien, både etter den gamle og den någjeldande straffeprosessloven. Høgsterett kom vidare til at dette ikkje var ein feil som skal gis absolutt verknad etter straffeprosessloven § 343 andre ledd nr. 3. Høgsterett la vekt på ordlyden i og praksis i samsvar med den gamle straffeprosessloven, som det ikkje hadde vore meininga å gjere noka endring i med den nye loven. Det var heller ikkje noko rettstryggleiksomsyn som ble trådt for nær når alle dei som fungerer, kan vere dommarar i saka, og prinsippet om tilfeldig utval av lagrettemedlemmar er ivareteke. Feilen kunne heller ikkje leie til ugyldigheit etter § 343 første ledd (om feil som "kan ha innvirket på dommens innhold"). Det er umogleg å vite om varamedlemmanes røysting i lagretten var utslagsgjevande, og det ville i realiteten leie til at feilen ville få tvillaus verknad om han fekk noko å seie. Det blei også vist til ordskurden i Rt. 1951 s. 1171 der Høgsterett i eit tilfelle som var i slekt med dette, har teke same standpunkt.