Spørsmål om inhabilitet for dommarane i Høgsterett
05.11.2003, 2003/673, straffesak, anke
domstolloven § 108
A (advokat Sigurd Rønningen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Harald L. Grønlien)

Coward, Lund, Gussgard, Støle, Schei
A var i lagmannsretten dømd til fengsel i 24 dagar for brot på straffeloven §§ 132 a, 355 og 390 a. Han anka til Høgsterett over saksbehandlinga, lovbruken og straffutmålinga, mens påtalemakta anka imot over straffutmålinga. I anken gjorde A gjeldande at samtlege høgsterettsdommarar var inhabile i saka, fordi dei straffbare handlingane var retta mot ein høgsterettsdommar.
Høgsterett behandla i eit særskilt møte spørsmålet om det alminnelege kollegiale forholdet til dommaren førte til inhabilitet for dei øvrige dommarane i Høgsterett, og svara nektande på spørsmålet . I avgjerda blei det først vist til sikker rettspraksis for at dei andre medlemmene av ein kollegial domstol ikkje utan vidare er inhabile i ei sak der ein kollega er part eller har eit nært forhold til ein part; det må liggje føre særlege tilhøve. Relevante moment er mellom anna kor alvorleg saka er, kva for posisjon kollegaen har i saka, og i samband med dette kor følsamt det som domstolen skal ta stilling til, er for han eller ho. Høgsterett kunne ikkje sjå at det låg føre tungtvegande moment av denne typen her. I avgjerda er det vidare peika på prinsipielle innvendingar ved å erstatte dommarane i Høgsterett for ei enkelt sak med oppnemnde settedommarar.