Straffutmåling - grovt aktlaust bedrageri overfor sosialetaten
11.03.2003, 2002/1431, straffesak, anke
Staffeloven §271 a jf. § 270
A (advokat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Petter Sødal)

Tjomsland, Matningsdal, Zimmer, Stabel og Dolva
A var tiltala for forsettleg å ha lokka tilsette ved X sosialkontor til å utbetale seg kr 74 835 for mykje i sosialytingar, i det han tagde om at han i same periode også mottok dagpengar frå Arbeidsformidlinga. Tingretten dømde han til ei straff av 50 dagars fengsel utan vilkår. Lagmannsretten fann ikkje at det var bevismessig grunnlag for å dømme A for forsettleg bedrageri, men kom til at vilkåra for domfelling for grovt aktlaust bedrageri var til stades og fastsette straffa til fengsel i 36 dagar utan vilkår.
A anka dommen. Høgsterett viste til den strenge praksisen som var ved forsettleg trygde- og sosialbedrageri, jf. blant anna avgjerda i Rt. 1998 side 174. Men det blei også vist til at det ifølgje lovførearbeida og rettspraksis var "en markert forskjell mellom uaktsomt og forsettlig bedrageri". Høgsterett kom derfor til at det - trass i den svært grove aktløysa som A hadde utvist - ikkje burde reageras med fengselsstraff utan vilkår. Dei sterke allmennpreventive omsyna som låg føre på dette området, tilsa etter synet til Høgsterett at det også ved grovt aktlause trygde- og sosialbedrageri burde vere eit område mellom fengsel utan og på vilkår der det vert reagert med samfunnsstraff. Når Høgsterett etter ei samla vurdering kom til at det i denne saka ikkje var tilstrekkeleg å reagere med fengselsstraff på vilkår, blei det lagt vekt på at bedrageriet galdt ein sum som låg nær grensa mot grovt bedrageri, at bedrageriet pågjekk over lang tid og at aktløysa til den dømde hadde vore svært grov. Samfunnsstraffa blei sett til 36 timar. Den subsidiære fengselsstraffa blei sett til 30 dagar og gjennomføringstida til 90 dagar. Det blei gitt uttrykk for at ei gjennomføringstid - ved korte straffer - som svara til den subsidiære fengselsstraffa, ville innebere store praktiske problem.