Straffutmåling ved unndraging frå militærteneste
05.05.2003, 2002/1613, straffesak, anke
Militær straffelov § 35 første ledd første straffalternativ
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Lars Fause)

Utgård, Stang Lund, Flock, Zimmer og Aasland
A var funnen skuldig i at han med føremål heilt å unndra seg den militære tenesteplikta si, ikkje møtte til repetisjonsøvingar i Heimevernet 6. november 1997, 18. november 1998 og 10. november 1999. Straffa var av dei tidlegare instansane sett til fengsel i 120 dagar utan vilkår.
Høgsterett viste til at slik nekting av å utføre den militære tenesteplikta har ei minstestraff på fengsel i 90 dagar, og at det i praksis berre unntaksvis har vore gitt vilkårsdom. I dette tilfellet kom Høgsterett likevel til at det var grunnlag for vilkårsdom. Dette vart først og fremst knytt til tidsmomentet. Det var no fem og eit halvt år sidan A sa frå at han rekna seg ferdig med den militære tenesteplikta si og første gong let vere å møte til repetisjonsøving. Det siste tilfellet ligg tre og eit halvt år attende i tid. Saka har også teke lang tid for domstolane, med to periodar på åtte og ein halv og på seks månader med svært mangelfull framdrift. Det vart også vist til at det oftare vil kunne vere grunnlag for dom delvis på fengsel på vilkår for unndraging som berre gjeld repetisjonsøvingar enn for unndraging som også omfattar førstegongstenesta.