To grove ran - utmåling av straff

11.03.2003, 2002/1350, straffesak, anke

Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Arild Dommersnes) mot A (advokat Erling O. Lyngtveit) og A (advokat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Arild Dommersnes)
Oftedal Broch, Zimmer, Matningsdal, Tjomsland og Dolva

A var av lagmannsretten dømd til tre års fengsel for to grove ran og ein del andre tilhøve. Lagmannsretten gjorde to år av straffa på vilkår på grunn av As rehabilitering for svært langvarig alkoholmisbruk. Dei tre juridiske dommarane dissenterte. Påtalemakta anka over straffutmålinga. A anka over at han ikkje hadde fått frådrag for fridomstap i høve saka for opphald på ein behandlingsinstitusjon. Begge ankane blei tekne til følgje.

Sjølv om A mens han sat i varetekt, sjølv hadde teke initiativet til å få plass på ein behandlingsheim, kunne plasseringa ikkje reknas som frivillig. Han blei transportert av politiet direkte frå fengsel til institusjon, og politiet sette ei rekkje vilkår, blant anna at han ikkje forlét institusjonen, heldt seg borte frå alle rusmiddel og heldt seg borte frå alle former for kriminalitet. Brot på vilkåra kunne føre til at han blei pågripen og vurdert framstilt for varetektsfengsling. Etter dette meinte Høgsterett at opphaldet måtte gi rett til frådrag, jf. også Rt. 1992 side 817 og Rt. 1995 side 252. Frådrag blei gitt fram til politiet etter ca. ni månader varsla A om at han ikkje var pålagt restriksjonar. Ut frå grovleiken på rana var Høgsterett ikkje einig i at ein del av straffa kunne gjeras på vilkår. Ut frå handlingane ville straffa måtte liggje omkring tre års fengsel. Men av omsyn til As rehabilitering blei ho sett til to år og seks månader. Med det frådrag for fridomstap i høve saka som Høgsterett fastsette, ca. eitt år og ni månader, måtte det leggjas til grunn at A ikkje ville bli sett inn til soning.