Trugsmål overfor den tiltala
11.09.2003, 22003/874, straffesak, anke
Straffelova § 132 a
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Olav Helge Thue)

Stang Lund, Støle, Utgård, Coward og Dolva
A blei i tingretten dømd til fengsel i 6 månader for brot på straffe-loven § 132 a første ledd bokstav a jf. fjerde ledd første straffalternativ. Han hadde på trappa til tinghuset trua ein som var tiltala,ved å seie at "tystere som deg dreper vi" eller liknande. Lagmannsretten forkasta anken over straffutmålinga.
Vidare anke til Høgsterett førte heller ikkje fram. Det blei lagt vesentlig vekt på kva det hadde å seie for rettargangen at den tiltala og vitne kan forklare seg i retten utan å måtte vere redde for represaliar. Det straffbare tilhøvet var såleis i kjerneområdet for lovføresegna. Om trugsmåla fører til at den tiltala eller vitne gir urett forklaring, kan ikkje ha særleg tyding for utmålinga av straffa.