Forelding av kausjonsansvar

26.08.2004, HR-2004-01440-A, (sak nr. 2004/600), sivil sak, anke
Foreldingslova §17 nr. 1, jf. §21 nr. 3
A (advokat Bjarne P. Skutvik) mot Elcon Finans AS (advokat Knut-Petter Hanssen)

Utgård, Oftedal Broch, Rieber-Mohn, Øie og Schei

Saka gjaldt spørsmålet om gjennomført utleggsforretning der det ikkje er noko til utlegg, avbryt forelding i eit tilfelle der kravshavaren manglar tvangsgrunnlag, sjå foreldingslova § 17. nr. 1, jf. § 21 nr. 3. A kausjonerte for eit lån på 250 000 kroner. Hovudskuldnaren hadde skrive under eit omsetningsgjeldsbrev med vilkår om inndriving utan søksmål. A hadde både ved låneopptaket og ved ei seinare endring av lånevilkåra der det opphavlege omsetningsgjeldsbrevet vart bytt ut, gitt sjølvskuldnarkausjon i eigne brev, utan vedtaking av inndriving utan søksmål. Ut frå dette hadde långivaren, Elcon Finans AS, ikkje tvangsgrunnlag mot A då hovudskuldnaren misheldt lånet sitt.

Elcon Finans AS hadde i 1992 sendt kravsmål om utlegg, og utleggsforretninga vart fremja med "intet til utlegg ... ". Då det vart reist søksmål om kravet i 2002, var partane einige om at kravet mot A var forelda dersom ikkje utleggsforretninga i 1992 hadde avbrote foreldinga og gitt Elcon ei ny foreldingsfrist på ti år, jf. foreldingslova § 21 nr. 3. Høgsterett tok utgangspunkt i at foreldingslova § 17 nr. 1 berre gir heimel for avbryting av foreldingsfristen ved kravsmål om mellom anna utlegg der kravshavaren har eit tvangsgrunnlag. Foreldingslova må her forståast i samsvar med ordlyden. Det må også gjelde tilfelle der kravshavaren har meint å ha eit tvangsgrunnlag, men der det ved nærare prøving viser seg at det ikkje ligg føre noko tvangsgrunnlag. Risikoen for mistak må her liggje på kravshavaren. Etter foreldingslova § 21 nr. 3 blir det rekna ein ny foreldingsfrist på ti år frå slutninga av ei utleggsforretning dersom tvangsfullføring er fremja mellom anna etter § 17 nr. 1 og kravshavaren ikkje får full dekning. Her var det fremja ei tvangsforretning, utan dekning til kravshavaren. Men for at § 21 nr. 3 skal kunne nyttast, må det også liggje føre eit tvangsgrunnlag. Dette vilkåret var ikkje oppfylt her. I eit slikt tilfelle kan § 21 nr. 3 ikkje gi nokon ny frist. Dette er ei forståing som samsvarar både med ordlyden i lovføresegna og med systematikken i foreldingslova. Saka skilde seg frå den som var avgjort i Rt. 2002 side 1095. Avgjerda der gjaldt ei sak der det var tvangsgrunnlag, men der det låg føre feil ved behandlinga av saka hos namsmannen. Høgsterett viste til at foreldingsreglane er typisk positivrettslege reglar. Løysinga var likevel heller ikkje urimeleg. Kravshavaren får gjennomgåande risikoen for at han har eit krav, og han kan ikkje sikre seg ein ny foreldingsfrist ved å sende inn til namsmannen eit meir eller mindre tvilsamt krav.

Les avgjørelsen i sin helhet